Gratulerer til Ailen Skogeng og Bow, fylkesmester Møre og Romsdal 2023
Gratulerer til Jan Myklebust og Gyda, beste unghund Fylkesmesterskapet 2023
Midtre Møre Gjetarhundlag (MMG) arrangerer distriktsprøve 23.september i klasse 1,2 og 3.
Dommergjennomgong klokka 10, fyrste start rett etter.
Startlister laurdag 23.9:
Merk at klasse 2 inngår i Unghundcupen.
Reglar for Unghundcupen ser du her
Klasse 3 prøva er ei av prøvene til NM-kvalifiseringa i Møre og Romsdal.
Hundevande søyer frå villsaubesetninga til Knut-Jørgen Oseberg vert brukt.
Dommer er Sander Hindenes frå Hordaland.
Adresse til bana: Hildrestrandvegen 564
Påmelding til Merethe Hellevik, tlf 99 56 07 62. Husk namn og adresse på førar, og registreringsnummer og namn på hunden ved påmelding.
Startkontingent 400 kr betalast til MMG konto: 3901.66.225
Mvh styret i MMG
Lokallaga Nordmøre og Romsdal Gjetarhundlag og Midtre Møre Gjetarhundlag samarbeider om å arrangere Fylkesmeisterskap søndag 24.september i klasse 3. Det vert fyrst ei vanleg klasse 3 prøve, der dei 6 beste går til finale med dobbelthent og sortering.
Dommergjennomgong klokka 9, fyrste start rett etter.
FM er ei av prøvene til NM-kvalifiseringa for fylket. Merk at årets fylkesmeister ikkje er direkte kvalifisert til NM.
Godt hundevande søyer frå villsaubesetninga til Knut-Jørgen Oseberg vert brukte.
Dommer er Sander Hindenes
Påmelding til Merethe Hellevik, tlf 99 56 07 62.
Startkontingent 450 kr betal til MMG konto: 3901.66.225
Vil du vere med og hjelpe til før, under og med nedrigging etter prøvene, så ta kontakt med Merethe. Vi set stor pris på all hjelp! Ingen prøve utan dugnadsfolk!
Velkomne til ei kjekk helg!
Helsing styra i NRG og MMG
Nordmøre og Romsdal gjeterhundlag ynskjer velkommen til distriktsprøve i klasse 1 og 2 laurdag 12.august.
Merk at klasse 2 inngår i Unghundcupen 2023
Dommargjennomgong klokka 10.
Dommar: Knut-Jørgen Oseberg
Påmelding til Carola Ukkelberg tlfnr: 48603311. Husk å oppgi namn og adresse på førar, og registreringsnummer og namn på hunden ved påmelding.
Det blir fyrt opp i bålpanna. Enkel kiosk med sjølvforsyning og betaling med vipps.
Velkommen!
Uttaksreglementet for NM-kvalifiseringa 2023 finn du ved å trykkje her.......
Uttaksprøver 2023:
Landsprøvehelg Hildre (M&R) 26.-27.august
Distriktsprøve 23.sept. Hildre
Fylkesmesterskap Hildre 24.sept.
Ei valfri landsprøvehelg
6 uttaksprøver der dei 4 beste er teljande
Oppdatert 23:09.2023:
Foreløpig poengutrekning finn du ved å trykkje her...
Fyrste samling var på Lepsøya 30.6-2.7.
Helga starta med teori og pizza fredagskvelden. Ni forventningsfulle deltakera, pluss instruktør Jo Agnar Hansen deltok.
Ei hytte eit steinkast unna treningsområdet var samlingsstaden, der var det felles lunsj laurdag og søndag, og grilling laurdag kveld.
Laurdag og søndag var det trening av hund, der Jo Agnar kom med praktiske råd om videre trening med langsiktige mål.
Dei ni deltakarane var fordelt over alle områda til dei fem lokallaga vi har i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal Gjeterhundlag (MRGL) ynskjer å få til ei langsiktig
satsing over 3 år for å heve nivået på inntil 8 (9)ekvipasjer frå fylket.
Bakgrunnen for dette er at Møre og Romsdal har mista halvparten av
NM-plassane, og har gått frå 6 til 3 plasser dei siste åra. Denne
utviklinga ønsker MRGL å snu.
For dei som vil vere med på denne satsinga er det følgande vilkår/krav til
deltakarane:
• NSG medlem frå Møre og Romsdal.
• Ha hund på klasse 2-3 nivå.
• Ynskje om å ta imot instruksjon for å betre prestasjon til hund/førar.
• Ambisjon om å kome opp/vere på klasse 3 nivå og etterkvart
konkurrere i Norgesserien, NM o.l.
• Forplikte seg på å vere med på to samlingar pr. år.
Samlingane vert i fyrste omgang i området til Midtre Møre
Gjetarhundlag.
• Økonomisk forpliktande for deltakaren. Vi vil gjerne ha 8 deltakarar
for å kunne halde kursprisen nede. Estimert kurspris pr samling (2
dagar) vert ca 2500,-
Målet med Team Møre og Romsdal er å byggje lagånd og gjere
kvarandre betre.
Mvh
Styret i MRGL
Alle referat fra styremøta blir lagt ut, og ein finner dei i menyen under:
Organisering / Referater og dokument
Nå nærmer det seg påmeldingsfrist for kvalifiseringsprøvene i Norsk Nursery (15.10.), så meld dere på!
Hver region har sin prøve, så her kommer litt info om prøvene i Region Midt (for deltakere fra Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal):Dato: 21.-22.10. To dager hvis nok påmeldte, (over 15)Sted: Meråker. Adresse: Blestervollveien 66.
Sau: Villsau dag 1 og Svartfjes dag 2.(Det er umerka dyr på nurseryprøvene).
Starttidspunkt settes når antall påmeldte er klart.
Premiering etter dag 1.Premiering sammenlagt etter dag 2.
Den beste prøven teller x 3, og den dårligste x 1.
Det blir matservering ved arenaen.Overnatting: Teveltunet Fjellstue, Fonnfjell Hotel, Mannfjell turiststed (mannfjell.no)Velkommen som deltaker!
Påmeldingslink frist 15.10.23:
Påmelding - Norsk Sau og Geit (nsg.no)
MidtNorge gjeterhundlag ynskjer velkommen til distriktsprøve i klasse 1 og 2 søndag 22.oktober.
Klasse 2 inngår i Unghundcupen.
Starttidspunkt klokka 10
Påmelding til Irene tlf 92 22 64 56
Startkontingent 350 kr til kontonummer 4040.20.24447
Dommer: Knut-Jørgen Oseberg
Adresse Nordholten, Lykkjeeide 322
Helsing MidtNorge Gjeterhundlag
Midtre Møre Gjetarhundlag (MMG) var arrangør for 2 av prøvene i Norgesserien 26.-27.august. Vi var heldige og fekk låne eit flott område på Hildre, av grunneigar Bozena Farstad.
Dommar for helga var Thomas Rømma
Topp 6 laurdag 26.august:
1. Karianne Buer og Zac 100p
2. Sander Hindenes og Bes 99p
3. Sindre Hindenes og Nala 98p
4.Ove Strømsjordet og Troja 96p
5. Mali Tungen og Noah 92p
6. Knut-Jørgen Oseberg og Tom 91p
15. Jan Myklebust og Gyda 80p
17. Merethe Hellevik og Becca 78p
Topp 6 søndag 27.august:
1. Sander Hindenes og Pelle 100p
2. Audun Seilen og Allie 91p
3. Sissel Modin og Storm 90p
4. Sindre hindenes og Nala 89p (47 OLF)
5. Kai Hjeldnes og Wyn 89p (40 OLF)
6. Anne Buer og Bet 88p
7. Halvor Tenden og Ztripz 87p
14. Knut-Jørgen Oseberg og Tom 81p
15. Jan Myklebust og Frøya 80p
Norgesserien består av fleire prøvehelger rundtom i landet. Deltakerane kan melde seg på 2 prøvehelger, (altså 4 gjeterhundprøver) der dei 3 beste teller for å kvalifisere seg til finalen i Norgesserien, som i år vert arrangert i Etne, Hordaland 28.-29.oktober, med 35 finalister.
Ei landsprøvehelg er eit stort arrangement for eit lite lokallag som MMG, men dugnadsånda er stor, og i tillegg var vi så heldige at folk frå andre gjetarhundlag i fylket stillte opp og hjelpte til. Omlag 15 dugnadsfolk var i sving kvar dag, og det vart eit flott arrangement. Vergudane spelte på lag og sjølv om vi ikkje hadde annonsert , så virka tydelegvis jungeltelegrafen, slik at det kom ein del publikum for å sjå på.
Sauane som vart brukte i helga, er besetninga til Knut-Jørgen Oseberg, og går til vanleg på beite på Ullaholmen. Men det er ikkje slik at ein berre kan bruke kva som helst flokk med sau. Dei må vere vande med gjetarhund. Vi bruker gjetarhund på dei heile året. Og i forkant av prøvehelga har dei blitt trena på i mindre flokkar på 8-10 dyr. Dette for at ein skal kunne luke ut eventuelle dyr som ikkje eignar seg til å vere med på prøva; kanskje er det ei søye som haltar litt, ei anna prøver å stikke ut frå flokken. Ein etterstreber mest mulig like forhold for deltakerane, og dyrevelferd er sjølvsagt i fokus.
Den mest brukte sauerasen på gjetarhundprøver i Noreg er Norsk kvit sau (NKS). Difor var det nok mange spente deltakera i helga, fordi sauene brukte på Hildre var "villsau", sjølv om gammalnorsk sau er den rette betegnelsen. Hund og fører må jobbe på ein litt annan måte med villsau. Spesielt i nærarbeidet i deleringen var det mange som sleit med å omstille seg frå å vere vande med NKS, som er ein tyngre og tregare rase, til villsau som ein bør vere meir forsiktig og tålmodig med.
Gjetarhundprøver er nok eit ukjend område for dei fleste, men ei prøve i Norgesserien går føre seg slik:
Kvar deltakar får ein flokk på 5 sau, der to dyr har fått på seg ein raud krage. Hund og førar står attmed ein påle, og ser mot ein annan påle, der flokken med sau står og ventar. På Hildre var det omlag 370 m unna.
Dommeren står rett bak førar, for å kunne sjå det same som førar.
Fører sender ut hunden enten til høgre eller venstre for å hente sau, og hunden skal så føre flokken i mest mulig rett linje gjennom 3 portar. Alt dette medan førar står ved pålen og gir hunden kommandoer med fløytesignal eller ord. Dei mest brukte kommandoane er høgre, venstre, ligg, gå inn. Dersom sauana kjem ut av den tenkte linja, stoppar opp eller bommer på portane, trekkjer dommeren poeng.
Så kjem hunden med flokken inn i ein oppmerka ring på 40 m i diam, og føraren kan gå frå pålen og inn i ringen. No er det samarbeid mellom hund og fører, dei skal dele ifrå 2 sauer utan krage, hunden skal vise at han har kontroll på dei, samle alle igjen og føre dei inn i ei kve. Siste oppgåve er å single ifrå eit dyr med raud krage. Hunden skal vise at han kontroll på sauen, dommeren gir godkjent og prøva er ferdig. Alt dette skal gjerast før tidsfristen på 13 minutt er ute.
Max poengsum er 110 poeng.
Begge vinnerane i helga hadde 100 p.
Dei 6 beste kvar dag vert premierte.
Møre og Romsdal stilte med 8 ekvipasjer i helga. Totalt var det påmeldt 50 hundar kvar dag.
Midtre Møre gjetarhundlag dekkjer området frå Nordøyane og heilt inn til Åndalsnes. Vi har treningsområde på Opskar, Stette. Der har vi faste treningskvelder måndagar kl.18 frå midten av mai til ut september. Laget arrangerer og gjeterhundkurs både for nybegynnere og meir viderekomne.
Er du nysgjerrig på gjeting med border collie eller kelpie så er du velkomen til å kome og sjå på ei av treningane.
Du finn meir informasjon på
Midtre Møre Gjeterhundlag | Facebook
Vestre Sunnmøre gjetarhundlag ynskjer velkomen til distriktsprøve laurdag 27. og søndag 28.mai.
Laurdag vert det konkurrert i klasse 3, 1 og 2. Søndag i klasse 3.
Dommergjennomgong klasse 3 klokka 8:45 begge dagar.
Dommar for klasse 3 begge dagar vert Torstein Ytre.
Dommar i klasse 1 og 2 vert Knut-Jørgen Oseberg.
Påmelding til Knut-Jørgen Oseberg tlf 951 52 585 innan torsdag 25.mai.
Startkontingent 350 kr pr ekvipasje betalast til VSG sin konto: 3909.30.51274 innan prøvestart.
Stad for prøva er Follestaddalen i Ørsta kommune, med utsikt til vakre Kolåstinden. Prøva er i same området som NM 2021.
Ta med mat og drikke, det vert fyrt opp i bålpanna.
Mvh styret i VSG
Velkommen til gjeterhundkurs på Opskar, Stette 17.-18.juni. Instruktørar blir Siv Hilde Bulling og Egil Syversbråten. Det vert delt opp i to grupper med maks 7 deltakere på kvar gruppe.
Siv Hilde og Egil har lang erfaring med gjetarhund, og har vore instruktørar på utallige kurs over heile Norge. Vi er derfor glade for at dei nok ein gong har takka ja til å kome og halde kurs på Stette.
Påmelding til Merethe tlf: 99 56 07 62 (sms) skriv litt om nivå på deg sjølv og hunden ved påmelding
Kurspris 1800 kr, faktura vert utsendt i god tid før kurset, og skal vere betalt før kursstart.
Kurset vert arrangert i samarbeid med Studieforbundet næring og samfunn
Mvh Styret i Midtre Møre Gjeterhundlag
Vestre Sunnmøre gjeterhundlag ynskjer velkommen til distriktsprøve i klasse 1 og 2 søndag 19.mars klokka 14 i Steinsvika.
Dommer: Knut-Jørgen Oseberg
Startkontingent 300 kr pr ekvipasje. Betalast til VSG sin konto nr: 3909.30.51274
Påmelding til Knut-Jørgen sms 951 52 585 eller e-post knut.oseberg@tussa.com
Vestre Sunnmøre gjeterhundlag ynskjer velkomen til gjeterhundkurs i Sollida, Folkestad, hjå Ailen Skogeng og Halvor Tenden.
Instruktør for helga er Halvor Tenden. Halvor har 25 års erfaring med gjeterhund, og instruerer på alle nivå.
Halvor er ein dyktig førar som har fått gode plasseringer både i NM, Norgesserie, Fylkesmesterskap og VM. Han har også vore på landslaget.
Kurset er for alle nivå, hunden må kunne stopp og innkalling.
Laurdag kl 9-16, søndag kl 8-14.
Kurspris 1500 for medlemmer i VSG/ 1800 for andre.
Påmelding til Camilla Ringstad Liavåg, tlf 450 53 522
Innkallinga ser du ved å trykkje her..
Årsmeldinga til MRGL 2022 finn du ved å trykkje her..
Sak 2: Fylkesmester ikkje direkte kvalifisert NM
Valnemnda si innstilling finn du her...
MRGL har fått spørsmål om korleis ein skal knytte medlemskapet sitt i Norsk sau og geit til NKK
På www.nsg.no kan du finne svar på ymse spørsmål om NSG/NKK samarbeidet og i tillegg er det enkelt å registrere NSG-medlemskapet sitt til NKK derifrå.
Link til NSG-sida finn ein her.
Styret i MRGL fortsetter praksisen med laminerte bruksprov til dei ekvipasjene som klarer kravet ihht godkjent Gjeterhund - NSG.
Vi ønsker fleire bestillinger på kvar produksjonsrunde, så det kan ta litt tid etter at du har bestilt laminert bruksprov til det kjem i posten. Kortet er kjekt å ha med f.eks på fjellet når du brukar hunden i arbeid.
Pris pr bruksprov 250 kr. (faktura vert sendt ilag med kortet)
Vil du bestille bruksprov så legger du inn all relevant info i det tilordneda "Google forms" link som vist nedanfor:
I tillegg til å kåre beste unghund på Fylkesmeisterskapet, har MRGL ein årleg cup som går over 3-5 distriktsprøver i klasse 2 der vinneren blir gravert inn i skjoldet til "Unghundcupen" for en endelig plass i "The Hall of Fame".
Ungundcupprøver 2023:
Dato 22.10 MidtNorge gj.h.l
Dato? Indre Sunnmøre gj.h.l
12 aug Nordmøre og Romsdal gj.h.l
2 sept Vestre Sunnmøre gj.h.l
23 sept Midtre Møre gj.h.l
Reglementet finn du her:
Copyright © All Rights Reserved