• Heim
  • Om
  • Aktivitet
  • RESULTAT
    • Resultater 2014
    • Resultater 2015
    • Resultater 2016
    • Resultater 2018
    • Resultater 2019
    • Resultater 2020
    • Resultater 2021
    • Resultater 2022
    • Resultater 2023
    • Resultater 2024
  • Bildealbum
  • Organisering
    • Vedtekter
    • Reglement
    • Referater og Dokument
    • Lokallaga
  • More
    • More child

NM i Alvdal 2019


Her kjem ei kort oppsummering av NM 2019


Møre og Romsdal deltok med 6 hundar i årets NM. 


Det vart litt stang ut for dei fleste frå fylket, men Merethe Hellevik og Blizz gjorde eit flott løp på innleiande fredag og kvalifiserte seg til finalen på søndag. 


I finalen var det dobbelthent og sortering. Å hente flokk nr 1 gjekk fint. Flokk nr 2 var ute av syne for hunden (mest 500 m unna) og Blizz måtte ha mange kommandoer før ho fann dei. Ho fekk til slutt henta dei, samla begge flokkane og fekk dei gjennom bana og inn i sorteringsringen. Etter å ha fått sortert vekk nokre umerka dyr, var det ei søye med merke som ville bort til dei andre, og Blizz kom for nær når ho skulle prøve å stoppe ho,og vart diskvalifisert.

Blizz og Merethe enda dermed på ein fin 16.plass i NM. 

 

Neste års NM-kvote er på 5 hundar frå Møre og Romsdal. 


Vil du lese meir om NM 2019 gå inn på: 

http://www.nsg.no/gjeterhund/andreas-eklund-ble-norgesmester-i-bruk-av-gjeterhund



NM i bruk av gjetarhund 2019


Møre og Romsdal har ei fylkeskvote på 6 hundar. 

Dei 6 ekvipasjane som, etter 5 kvalifiseringsprøver, har kvalifisert seg til NM 2019 er:


Frøya og Jan Myklebust (VSG) (fylkesmester 2019 og direkte kvalifisert)


Akersborg Rex og Jan Myklebust  (VSG) 40 p


Andy og Susann R. Osnes (ISG) 34 p


Solvollgardens Blizz og Merethe Hellevik (MMG) 33 p


Mirk og Atle Arnesen (VSG) 30p


Lill og Atle Arnesen (VSG) 27 p 


1.reserve: Dan og Andor Bjørke (ISG) 23 p 


2.reserve: Floke og Sara Larsson (VSG) 21 p 


Vi gratulerer og ynskjer lukke til i NM Alvdal 11.-13.oktober!




DP Lepsøya laurdag 5.okt


Midtre Møre Gjetarhundlag inviterer til distriktsprøve i klasse 1, 2 og 3, laurdag 5.oktober.


Staden for prøva er på Lepsøya, hjå Merethe Hellevik. Adresse: Lepsøyvegen 379. 


Dommar: Jan Kåre Ravnøy.


Påmelding til Merethe tlf: 99 56 07 62


Startkontingent 300 kr betalast til MMG sin konto 3901.30.66225 innan prøvestart.


Starttidspunkt klokka 10.30.


Startlister:


Klasse 3


Klasse 2


Klasse 1 


Det går ferje frå Skjelten klokka 9.40, den er på Lepsøya 10.20. Sei ifrå at de skal på Lepsøya ved ombordkøyring.


Klasse 3 vert arrangert fyrst. Dette er den siste av i alt 5 uttaksprøver til NM.


Ei lita pause etter kl 3, med sal av pølser og kake i gapahuken ved Demma.


Så vert klasse 1 og 2 helde etterpå.


Velkomen til Lepsøya!





  Poengberegning Uttak NM 2019 (etter 4 av 5 prøver)



Her kjem poengberekning for årets uttak til NM 2019 etter 4 av totalt 5 prøver.


(Forbehold om evt feil/foreløpige resultater 🙂)


Merk at de 3 beste resultata er teljande i utrekninga. Sjå årets Uttaksreglement for NM-kvalifisering 2019 her..  

DP Gule 24-25 august


Nordmøre og Romsdal Gjetarhundlag ynskjer velkomen til distriktsprøver 24.-25.august på Gule v/Bud.


Laurdag 24.august er det klasse 3. Denne prøva er ei av fylket sine uttaksprøver til NM.


Søndag 25.august vert det prøve i klasse 1 og 2.

Klasse 2 inngår i Unghundcupen.


Oppstart klokka 10 begge dagar.


Dommar for helga er Bjørn Berntsen.


Mogleg å grille dersom veret vert bra.

Campingplass like i nærheita.


Påmelding til :

Jostein.Royset@hydro.com

tlf: 971 490 21 


300 kr klasse 3

250 kr klasse 1 og 2

betalast til kontonummer 3930.03.90092 

eller VIPPS 509050



Dp kl 1 i Aure 28.juli 


Aure sau og geit arrangerer distriktsprøve i klasse 1 søndag 28.juli i Aure (adresse Brekkvegen 1582)


Tidspunkt for start klokka 15


Dommar vert Jacob Vetrhus


Påmelding til Wenche Hjelanes på tlf: 45 69 31 59 eller e-post: overnesset@neasonline.no


Startavgift 250 kr betalast kontant eller vipps til 45 69 31 59 


Kolåstindprøva 1.-2.juni


Velkomne til prøver på Myrane


Laurdag klasse 3 og 1 (klasse 3 laurdag er ei av NM-uttaksprøvene i fylket)


Dommargjennomgong klokka 07:45 i klasse 3 laurdag


Startliste klasse 3 laurdag


Startliste klasse 1 laurdag


Dommar laurdag: Magnus Grimeland


Sundag klasse 2 og 3 (klasse 2 inngår i Unghundcupen)


Dommar sundag: Andor Bjørke


Sal av brennsnut begge dagar!


Fleire plassar er det mogleg å setje frå seg bobil


Startavgift 300 kr pr ekvipasje, innbetalast før start til Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag sin konto: 3909.30.51274


Påmelding innan 24.mai til Anne Katrin Melle på tlf: 951 09 837 


Mvh Styret i VSG



Distriktsprøve på Tynes den 25.mai


Indre Sunnmøre Gjeterhundlag var arrangør og stedet var på Tynes i Sykkylven Kommune.


Veret var skiftande mellom sol, og litt regn men greit ver for å halde gjetarhundprøve.


Først ut var klasse 3, der bana vart sett med litt skrå inndriving som nok gjorde sitt til at dei aller fleste valde å sende ut til venstra. Nærarbeidet besto av deling, kve og skiljing og saudne som ikkje hadde vore på bana før, ga ekvipasjene bra med  utfordringer.


1. Zac/Karianne Buer 99p.

2. Roxy/Nils E Stråmyr  94p.

2. Pr Caspian/Roger Løvik 93p.


I klasse 1 og 2 vart bana ei meir tradisjonell bane med rett inndriving og tre portar. Noko trekk ned mot kve gjorde at ekvipasjane vart utfordra på frådrivinga, men mange mestra dette glimrande. Merk at klasse 2 inngikk i unghundcup´n. 


Resultat: Klasse 1 - Klasse 2 - Klasse 3


Totalt stilde 38 ekvipasjer, fordelt mellom 26 i klasse 3, 5 i klasse 2 og 7 i klasse 1.



Indre Sunnmøre Gjetarhundlag vil takke for godt oppmøte og jevnt over god dyrehandtering gjennom heile prøva.


Dommer var Andor Bjørke


For de som enda ikkje har betalt startavgift, så minner ISG om det. Betal snarast 250 kr pr ekvipasje, til Indre Sunnmøre Gjetarhundlag sin konto: 3910.25.58506


Du kan gjerne vipse til: 536789



Mvh Styret i ISG

Gjetarhundkurs Hollingen 8.-9.juni


Gjetarhundkurs på Hollingen 8.-9.juni.


NB: 1 plass ledig! 


Instruktør: Jonathan Gerhard Haakull.


Kurset er for hund over 10 mnd. alle nivå.


Påmelding

til Lisbeth Hollingsholm tlf: 476 10 448


Pris for kurset er ikkje endeleg avklart (ca 1800,-)

Innbetaling til kontonummer. 3930.03.90092



Kvalifiseringsopplegg til NM-2019


Årets prøver som inngår i NM-kvalifiseringa for Møre og Romsdal er: 


Kolåstindprøva 01.06 (VSG)

Fylkesmeisterskap m/finale Sykkylven 29.06 (ISG)

Distriktsprøve Sykkylven 30.06 (ISG)

Distriktsprøve Gule, Bud 24.08 (NRG)

Distriktsprøve Lepsøy, Haram 05.10 (MMG)


Uttaksreglement for NM-kvalifisering 2019 finn du ved å trykkje her..


Vellukka aktivitetshelg på Gamlem 29-31 mars


Aktivitetshelg på Gamlem 29-31 mars

 

I mars 2009 vart arbeidet med å opprette Møre og Romsdal Gjetarhundlag starta. Det betyr at MRGL har 10-års jubileum i år, og det markerte vi med ei aktivitetshelg 29.-31.mars på Gamlem (Søvika i Haram kommune).

 

Fredag kveld hadde vi samling av kursdeltakarar og instruktørar på Gamlem grendahus. Andor Bjørke heldt foredrag om trening av gjetarhund. Det vart servert pizza, sponsa av Nortura.


Laurdag var kursdeltakarane fordelt på 3 grupper, med 2 instruktørar på kvar gruppe. 


Andor og Nils instruerte dei som hadde komt lengst og var meir eller mindre klare for å gå prøver.


Sara og Knut-Jørgen var instruktørar på eit anna område med gruppe nummer 2.


Philipp og Merethe instruerte på gruppe nummer 3. 


Sjølv om vergudane ikkje spelte heilt på lag, så var det mange blide fjes å sjå, og alle fekk fleire treningsøkter gjennom dagen.

I pausa midt på dagen var det godt å kunne gå inn på grendahuset og få ly for regn og vind.


Laurdagskvelden hadde vi middag på Gamlem grendahus. Etterpå hadde vi kviss, laga av Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag. Artig og sosialt!


Søndag var det på att igjen med fleire treningsøkter. 

Trur nok at det var mange trøtte to- og firbeinte om kvelden.

Håpar at alle fekk med seg nokre tips til hjelp i vidare trening.

 

Vi var så heldige at Karina og Nils Stråmyr stilte fjorslamma sine, av rasen gammalnorsk spæl, til disposisjon denne helga. 

Stor takk til dei!


Camilla Akslen tok mange flotte bilete, vi har fått lov til å bruke dei her på heimesida. Tusen takk,Camilla.

Sjå øvst på sida. I tillegg kan du gå inn på fana Bildealbum, og Bildegalleri, der finn du endå fleire bilete.


Kart/foto over dei ulike treningsområda finn du her:


Unghundtrening/Grendahus


Generell trening


Prøvetrening



Tusen takk til dei 6 instruktørane frå fylket som instruerte gratis denne helga, overskotet gjekk til Møre og Romsdal Gjetarhundlag.  



 

Kursavgift 1400 kr (inkl mat fredagskvelden)

+ 245 kr for middag laurdag kveld  (biff stroganoff eller bacalao)


Ver vennleg og skriv namn på kursdeltakar når du betalar i nettbanken, då blir det enklare å ha oversikt. 

Innbetaling til MRGL sitt kontonummer: 3910.40.31815.

 

Mvh

Styret i MRGL

 Årsmøte i Møre og Romsdal Gjetarhundlag

 

Møre og Romsdal Gjetarhundlag hadde årsmøte laurdag 9.februar, klokka 14.00.

på Systra kafe, Sjøholt.


Årsmøtereferatet kan du lese her....

 

Innkalling til årsmøte finn du ved å trykkje her...

 

Årsmelding for MRGL finn du ved å trykkje her...

 

Rekneskap MRGL 2018 ser du ved å trykkje her...

 

Budsjettforslag for MRGL 2019 finn du her.....

 

Valnemnda si innstilling ser du her...

 

Styret i  Møre og Romsdal Gjetarhundlag i 2019 er samansett slik:

 

Merethe Hellevik (MMG) leiar

Vara: Ingrid Iversen

 

Anne Katrin Melle (VSG) nestleiar

Vara: Sara Larsson

 

Maren-Ann H. Løvold (NRG) kasserar

Vara: Jostein Røyset

 

Nils E. Stråmyr (ISG) skrivar

Vara: Andor Bjørke 

 

 


 

 

Fylkesmester 2019 Frøya og Jan Myklebust

Gratulerer til vinnar av FM 2019 Jan Myklebust og Frøya

  Fylkesmeisterskap & 

Distriktsprøve 

29-30 juni



Årets fylkesmeisterskap i gjetarhund vart arrangert laurdag 29 juni på Haugseth i Sykkylven. 

Dei 6 beste frå den innleiande runden gjekk til finale med dobbelthent og sortering.

 

Jan Myklebust var som vanleg i slaget,og fekk alle 3 hundane sine Rex, Storm og Frøya til finale. 


Atle Arnesen hadde 2 i finale: Mirk og unghunden Lill.

Lill vart beste unghund i FM 2019. Den bragden klarte ho ifjor og! Dette var faktisk det tredje fylkesmeisterskapet ho deltok i, sjølv om ho nettopp har fylt 2 år!


I tillegg var Andor Bjørke og Dan og i finalen. 


Sauene av rasen gammalnorsk spæl,var i god form og veldig glade i kvarandre, så finalistane fekk verkeleg bryne seg i sorteringa. Sauane vart for smarte denne gongen, så ingen klarte å sortere ferdig.


Men ein fylkesmeister vart kåra, og det vart Frøya og Jan Myklebust (118p) Og som vinnar av FM er dei direkte kvalifiserte til NM.


2.pl FM

Dan og Andor Bjørke 116p


3 pl. FM

Storm og Jan Myklebust 111p


4.pl og beste unghund FM

Lill og Atle Arnesen 109p


5.pl FM

Mirk og Atle Arnesen 106p


6.pl FM

Rex og Jan Myklebust 90p


Gratulerer!


Dommar i helga var Egil Lomsdalen frå Gran på Hadeland.


På søndag 30 juni vart det arrangert distriktsprøve i klasse 3, 2 og 1. 


FM laurdag og DP kl. 3 søndag  var uttaksprøver for Møre og Romsdal. Søndag var det skiftande ver, med nokre skikkelege regnbyger. Likevel var det mange blide fjes å sjå.


Og stor takk til utsetjarane og dugnadsfolket i kvea (frå Sykkylven Sau og Geit) som heldt ut.


Topp 3 i klasse 3 søndag:


1.pl Andy / Susann Osnes 100p

2.pl Lill / Atle Arnesen 91p

3.pl Rex / Jan Myklebust 91p


Klasse 2 søndag:

1.pl Jazz / Ailen Skogeng 81p

2.pl Tarja/Gunnhild Larsgård 77p

3.pl Tyra / Ola Steinsvik 75p


Klasse 1 søndag:

1.pl Medusa / Roger Løvik 81p og bruksprov.

2.pl Kira / Atle Arnesen 72p og bruksprov


Gratulerer!


Sykkylven Rideklubb hadde kiosk begge dagar,og der kunne ein få kjøpt både varmmat og kaker. 


Pris pr ekvipasje på FM 350,- (pga få påmeldte)


Pris: 275,- pr ekvipasje for DP  søndag.


Samtlige betaler til ISG sin konto 3910.25.58506 før prøvestart 


Du kan gjerne vipse til: 536789


Prøvene denne helga vart arrangert i samarbeid med Sykkylven Sau og Geit og Sykkylven Rideklubb.


Sponsor til arrangementet var Norske Felleskjøp SA


Vinnar av pokal for beste unghund FM 2019 Lill og Atle Arnesen

Andor og Dan (2.pl) Jan med Frøya og Storm (1. og 3.pl) Atle og Lill(beste unghund FM)

Gjetarhundkurs Stette 22.-23.juni


Midtre Møre Gjetarhundlag inviterar til kurs i bruk av gjetarhund 22 - 23 juni. Kurset blir på Stette.


Instruktør: Anne Kari Veikleenget.


Pris: 1400 kr. betalast til MMG sin konto: 3901.30.66225


Påmelding til Ingrid Iversen tlf: 926 97 320


Kurset vert arrangert i samarbeid med studieforbundet næring og samfunn


Velkomen til kurs! 🙂

DP Opskar, Stette 26.mai


Søndag 26.mai arrangerte Midtre Møre Gjetarhundlag distriktsprøve på Opskar, Stette  i klasse 3 og 2.


Klasse 3 var fyrst ut, med 18 startande. Det vart køyrt med 4 sauer i flokken og singling før kve. Skrå inndriving her og, i likheit med distriktsprøva dagen før på Tynes. 


Øverst på reultatlista på Stette:


1.pl: Kess og Jenny Bollås 91p

2.pl: Zack og Sissel Modin 89p

3.pl: Storm og Jan Myklebust 88p


Sjekk NSG for fleire resultat.


I klasse 2 var det 3 startande, og resultatmessig vart det slik:


1.pl: Finn og Sissel Modin 79p

2.pl: Ailo og Ingrid Iversen 68p

3.pl: Sansa og Anne Katrin Melle 44 p


Klasse 2  inngjekk i Unghundcupen. Og etter 2 av 4 prøver leiar Sansa og Anne Katrin! 

Neste prøve i Unghundcupen er klasse 2 i Kolåstindprøva 2.juni.


 Takk til dommar Andor Bjørke, og ikkje minst til dugnadsfolka som stiller opp gong etter gong- ingen prøve utan dei! 


Startavgift 250 kr pr ekvipasje, betalast inn til Midtre Møre Gjetarhundlag sin konto: 

3901.30.66225.

Skal vere innbetalt før prøvestart.


Mvh

Styret i MMG


Glade deltakera i klasse 2. F.v: Sissel, Anne Katrin og Ingrid

Bruksprov


Styret i MRGL tek oppatt praksisen med at ekvipasjer kan bestille laminerte bruksprov.


Bestill bruksprov no, kjekt å ha med f.eks på fjellet når du brukar hunden i arbeid.


Pris pr.bruksprov 250 kr. (faktura vert sendt ilag med kortet)


Vil du bestille bruksprov, send ein e-post til: post@mrgl.no


Hugs å oppgi namn på førar,adresse, registreringsnummer og namn på hunden, stad og dato der godkjent prøve vart oppnådd (minimum 60 poeng).


Dugnad på Opskar, Stette 6.april


Midtre Møre Gjetarhundlag hadde dugnad på treningsfeltet sitt på Opskar, Stette laurdag 6.april


Nokre entusiastiske sjeler møtte opp til dugnadsinnsats. Gjerdet vart reparert og gapahuken fekk eitt strøk med beis.


Anne hadde som vanleg med si berømte sjokoladekake, slik at vi unngjekk blodsukkerfall og dårleg humør! 


No er området klart til at treningsdyra kan sleppast innpå i løpet av mai.  


Sjå gjerne innom facebook-sida til MMG: 


https://www.facebook.com/groups/1795750634081652/


Mvh

Styret i Midtre Møre Gjetarhundlag

Korleis knytte NSG-medlemskapet ditt til NKK


MRGL har fått spørsmål om korleis ein skal knytte medlemskapet sitt i Norsk sau og geit til NKK


På www.nsg.no kan du finne svar på ymse spørsmål om NSG/NKK samarbeidet og i tillegg er det enkelt å registrere NSG-medlemskapet sitt til NKK derifrå.


Link til NSG-sida: 

 

http://www.nsg.no/nkk-samarbeid/category2893.html



Unghundserien 2019


MRGL har,i tillegg til å kåre beste unghund på Fylkesmeisterskapet, ein årleg cup som går over 4 distriktsprøver i klasse 2, kalla Unghundcupen.


Reglar for Unghundcupen finn du ved å trykkje her..


Desse distriktsprøvene inngår i Unghundcupen 2019 (alle i kl.2):


Tynes, Sykkylven 25.mai (ISG

Opskar, Stette 26.mai (MMG)

Kolåstindprøva 2.juni (VSG)

Gule, Bud 25.august (NRG)



Gratulerer til Karina Stråmyr og Strawmoor Pixie


Vinnar av Unghundcupen 2018


Gratulerer til Nils E. Stråmyr og Billy

Vinnar av Unghundcupen 2017

Gratulerer til Brian Nielsen og Glen

Vinnar av Unghundcupen 2016

Gratulerer til Sweet og Joakim Engdal

Vinnar av Unghundcupen 2015

Copyright © All Rights Reserved