Fylkesmeister 2016 er Akersborg Rex og Jan Myklebust


Rex fekk 140 poeng.

Jan tok også andreplassen med hunden Storm, 135 poeng. Storm vart i tillegg beste unghund.

På tredjeplass kom Atle Arnesen og Fern med 131 poeng.

Fjerde og femteplass tok Andor Bjørke med henholdsvis Meg (112 poeng) og Dan (106 poeng)

På sjetteplass kom Odd Bjarne Bjørdal og Kompis med 106 poeng.


Gratulerer!

























































Femten var påmeldt til fylkesmeisterskapet på Gjermundnes. Ei stor attelege med lang, skrå inndriving og mykje godt gras,gjorde sitt til at det var krevjande forhold på den innleiande runden.

Vi ynskjer å takke landbruksskulen og museet for at vi fekk bruke området deira,og takk til Arnfinn Lien som stilte med sau. Vi gløymer heller ikkje dei mange frivillege hjelparane som er heilt uvurderlege,både i forkant,undervegs og etter prøvehelga.

 

No er også dei seks som skal representere fylket i NM klare:


Jan Myklebust og Rex

Atle Arnesen og Mirk

Jan Myklebust og Storm

Nils E. Stråmyr og Roxy

Andor Bjørke og Meg

Atle Arnesen og Fern

(1.reserve Andor Bjørke og Dan)

(2.reserve Susann Osnes og Andy)


Vi ynskjer lukke til i NM!





Distriktsprøva på Gjermundnes vgs

1.okt



Laurdag 1.oktober var det distriktsprøve i klasse 1 og 2.


Det er alltid spenning knytta til det å skulle gå prøve med unghundar. Spesielt når ein står ved pålen for fyrste gong i livet,bankar hjartet ekstra hardt. Kjem eg til å huske forskjell på høgre og venstre? Og kjem hunden til å høyre etter??? Dommar Jon hadde ei fin innleiing, og gjekk igjennom momenta, slik at alle skulle føle seg trygge på at dei hadde forstått.


I klasse 1 var det 6 startande, og resultatlista såg slik ut:


1.pl: Blizz og Merethe Hellevik 75p.

2.pl: Frøken og Sunniva N. Nupen 66p.

3.pl: Bolt og Susann Osnes 65p.

4.pl: Ben og Atle Arnesen 63p.

5.pl: Skott og Andor Bjørke 60p.

6.pl: Candy (Luna) og Guro Hoflundsengen 44p.


Resultat for klasse 2:


1.pl: Glen og Brian Nielsen 77p.

2.pl: Frøken og Sunniva N. Nupen 73p.

3.pl: Bolt og Susann Osnes 62p.


Alle fekk skryt av dommaren for fin dyrehandtering,og det vart heile seks nye bruksprov! Gratulerer!























Det kjekkaste, bortsett frå at så mange greidde bruksprov, var at to personar gjekk prøve for fyrste gong: Guro og Brian,det var godt gjennomført! Og like positivt er det at Sunniva er på banen igjen med ny hund. Vi gler oss til fortsettelsen.


DP kl.1-2 startavgift 250kr.

Fylkesmeisterskap (klasse 3)

startavgift 350 kr.

(kontonr MMG: 3901.30.66225)





NB! Fylkesstyret melder om 2 ekstra uttaksprøver!


Styret i MRGL har vedteke at det skal arrangerast 2 ekstra uttaksprøver til NM. Dette pga den gledelege beskjeden at ein frå fylket er utteken på landslaget,og skal representere Noreg i Nordisk Mesterskap i Stockholm.


Nordisk Mesterskap går føre seg same helga som landsprøva i Stryn. Og LP i Stryn gjeld som kjent som 2 av våre 3 uttaksprøver til NM. Dette var vedteke tidlegare i år.


Denne personen vert dermed forhindra frå å gå teljande uttaksprøver,og kan dermed risikere å gå glipp av NM.


Styret i MRGL synes ikkje at dette var rettferdig,og har einstemmig vedteke at det vert helde 2 ekstra uttaksprøver no i haust. 


Det er også positivt for andre i fylket som no får 2 ekstra prøver, og uttaksprogrammet vert slik det har vore tidlegare: 3 av 5 prøver er teljande. Dei 2 dårlegaste vert strokne.


Einaste helga mogleg å ha slike prøver er 10-11.september. Dette er midt i sankinga for dei fleste,og det ser vi oss leie for. Men pga ei slik uforutsett hending,måtte det bli slik i år.


Styret i Møre og Romsdal Gjetarhundlag


FM-finalistane ilag med Hilmar Kleppe (leiar i M og R sau og geit)

Dommar for helga:

Jon R. Aas

6 nye bruksprov i fylket 1.okt!

VSG  inviterte til distriktsprøve 3.april


Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag arrangerte distriktsprøve søndag 3.april. Prøva gjekk av stabelen i Steinsvika, inst i Dalsfjorden.


Dommar: Odd Bjarne Bjørdal.


Prøva starta klokka 10, med klasse 3 fyrst. Deretter klasse 2. I klasse 1 var det ingen startande.


Philipp melder at sauane var nyklipte, av rasen kvit spæl.

Det vart fyrt opp i bålpanna, slik at den som vil kunne grille.

Deltakarane var heldige og fekk vere ute i strålande vårver.


I klasse 3 var det 9 startande. Her vart det jamne poengsummar i toppen, men Philipp og Ulla (Gunn) vann på OLF med 84 p.

Nr.2: Ailen Skogeng og Fleece 84p.

Nr.3: Torstein Ytre og Titti  84p.


I klasse 2 vart resultatet slik:

Nr.1: Roger Løvik og Ayla 75p.

Nr.2: Per Steinsvik og Tarja 42p.

Nr.3: Ingvald Skårland og Fjell 19p.


Vi gratulerer så mykje! Kan og nemne at Marianne Schips hadde strikka flotte huer til fyrstepremievinnarane. Tenk å vinne ein slik premie!


(For øvrige resultat sjå prøveresultat på nsg sine sider.)



Startkontingent kr.250 betalast til VSG sitt kontonummer: 3909.30.51274. (før prøvestart)









Roger og Torstein tok turen til Steinsvika

Stemningsbilete frå prøva 3.4.2016.