Møre og Romsdal Gjeterhundlag ynskjer å få til ei langsiktig satsing (over 3 år) med mål om å heve nivået på inntil 8 gjetarhund ekvipasjer frå fylket.
Vi vil ha engasjerte hundeførere med på laget, og formålet med "TEAM Møre og Romsdal" er å BYGGJE LAGÅND OG GJERE KVARANDRE BETRE.
Bakgrunnen for satsinga er stoda til Møre og Romsdal sine NM-plassar, der vi har redusert antall plassar frå 6 til 3 dei siste åra. Denne utviklinga ynskjer MRGL å snu og dette er et mottiltak i så lende.
For å vere med på denne satsinga er det vedtekje følgande vilkår/krav til deltakarane:
• NSG medlem/bosatt i Møre og Romsdal.
• Ha hund på klasse 3 nivå.
• Ynskje om å ta imot instruksjon for å betre prestasjon til hund/førar.
• Ambisjon om å konkurrere i Norgesserien, NM, o.l.
• Forplikte seg på å vere med på to samlingar pr. år. (vår/sommar)
Samlingane vert i området til Midtre Møre Gjetarhundlag.
• Økonomisk forpliktande for deltakaren. Foreløpig estimert pris pr
deltakar, dersom 8 deltakarar; 5000,- pr.år.
Instruktørar på samlingane vert:
Første fysiske samling blir: 25.03.2023 – 26.03.2023, med Jo Agnar som instruktør. I forkant av mars-samlinga vert det eit TEAMS møte der deltakarane får presentere seg og hunden sin, og fortelje om utfordringane dei har. I tillegg presenterer Jo Agnar og Sander opplegget sitt.
På sommersamlinga (dato ikkje bestemt) vert Sander instruktør.
Har DU lyst til å vere med på laget så ta kontakt med Knut-Jørgen Oseberg (tlf 951 52 585) snarast og merk frist for påmelding 20 januar 2023
Mvh Styret i MRGL
Alle referat fra styremøta blir lagt ut, og ein finner dei i menyen under:
Organisering / Referater og dokument
Vestre Sunnmøre gjeterhundlag ynskjer velkommen til distriktsprøve i klasse 1 og 2 søndag 19.mars klokka 14 i Steinsvika.
Dommer: Knut-Jørgen Oseberg
Startkontingent 300 kr pr ekvipasje. Betalast til VSG sin konto nr: 3909.30.51274
Påmelding til Knut-Jørgen sms 951 52 585 eller e-post knut.oseberg@tussa.com
Vestre Sunnmøre gjeterhundlag ynskjer velkomen til gjeterhundkurs i Sollida, Folkestad, hjå Ailen Skogeng og Halvor Tenden.
Instruktør for helga er Halvor Tenden. Halvor har 25 års erfaring med gjeterhund, og instruerer på alle nivå.
Halvor er ein dyktig førar som har fått gode plasseringer både i NM, Norgesserie, Fylkesmesterskap og VM. Han har også vore på landslaget.
Kurset er for alle nivå, hunden må kunne stopp og innkalling.
Laurdag kl 9-16, søndag kl 8-14.
Kurspris 1500 for medlemmer i VSG/ 1800 for andre.
Påmelding til Camilla Ringstad Liavåg, tlf 450 53 522
Innkallinga ser du ved å trykkje her..
Årsmeldinga til MRGL 2022 finn du ved å trykkje her..
Sak 2: Fylkesmester ikkje direkte kvalifisert NM
Valnemnda si innstilling finn du her...
MRGL har fått spørsmål om korleis ein skal knytte medlemskapet sitt i Norsk sau og geit til NKK
På www.nsg.no kan du finne svar på ymse spørsmål om NSG/NKK samarbeidet og i tillegg er det enkelt å registrere NSG-medlemskapet sitt til NKK derifrå.
Link til NSG-sida finn ein her.
Styret i MRGL fortsetter praksisen med laminerte bruksprov til dei ekvipasjene som klarer kravet ihht godkjent Gjeterhund - NSG.
Vi ønsker fleire bestillinger på kvar produksjonsrunde, så det kan ta litt tid etter at du har bestilt laminert bruksprov til det kjem i posten. Kortet er kjekt å ha med f.eks på fjellet når du brukar hunden i arbeid.
Pris pr bruksprov 250 kr. (faktura vert sendt ilag med kortet)
Vil du bestille bruksprov så legger du inn all relevant info i det tilordneda "Google forms" link som vist nedanfor:
I tillegg til å kåre beste unghund på Fylkesmeisterskapet, har MRGL ein årleg cup som går over 3-5 distriktsprøver i klasse 2 der vinneren blir gravert inn i skjoldet til "Unghundcupen" for en endelig plass i "The Hall of Fame".
Ungundcupprøver 2023:
Dette blir bestemt på det komande årsmøtet til MRGL 2023.
Reglementet finner ein nedanfor:
Copyright © All Rights Reserved