Copyright © All Rights Reserved

 

Fylkesmeister 2016 er Akersborg Rex og Jan Myklebust

 

Rex fekk 140 poeng.

Jan tok også andreplassen med hunden Storm, 135 poeng. Storm vart i tillegg beste unghund.

På tredjeplass kom Atle Arnesen og Fern med 131 poeng.

Fjerde og femteplass tok Andor Bjørke med henholdsvis Meg (112 poeng) og Dan (106 poeng)

På sjetteplass kom Odd Bjarne Bjørdal og Kompis med 106 poeng.

 

Gratulerer!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Femten var påmeldt til fylkesmeisterskapet på Gjermundnes. Ei stor attelege med lang, skrå inndriving og mykje godt gras,gjorde sitt til at det var krevjande forhold på den innleiande runden.

Vi ynskjer å takke landbruksskulen og museet for at vi fekk bruke området deira,og takk til Arnfinn Lien som stilte med sau. Vi gløymer heller ikkje dei mange frivillege hjelparane som er heilt uvurderlege,både i forkant,undervegs og etter prøvehelga.

No er også dei seks som skal representere fylket i NM klare:

 

Jan Myklebust og Rex

Atle Arnesen og Mirk

Jan Myklebust og Storm

Nils E. Stråmyr og Roxy

Andor Bjørke og Meg

Atle Arnesen og Fern

(1.reserve Andor Bjørke og Dan)

(2.reserve Susann Osnes og Andy)

 

Vi ynskjer lukke til i NM!

 

 

 

 

Distriktsprøva på Gjermundnes vgs

1.okt

 

 

Laurdag 1.oktober var det distriktsprøve i klasse 1 og 2.

 

Det er alltid spenning knytta til det å skulle gå prøve med unghundar. Spesielt når ein står ved pålen for fyrste gong i livet,bankar hjartet ekstra hardt. Kjem eg til å huske forskjell på høgre og venstre? Og kjem hunden til å høyre etter??? Dommar Jon hadde ei fin innleiing, og gjekk igjennom momenta, slik at alle skulle føle seg trygge på at dei hadde forstått.

 

I klasse 1 var det 6 startande, og resultatlista såg slik ut:

 

1.pl: Blizz og Merethe Hellevik 75p.

2.pl: Frøken og Sunniva N. Nupen 66p.

3.pl: Bolt og Susann Osnes 65p.

4.pl: Ben og Atle Arnesen 63p.

5.pl: Skott og Andor Bjørke 60p.

6.pl: Candy (Luna) og Guro Hoflundsengen 44p.

 

Resultat for klasse 2:

 

1.pl: Glen og Brian Nielsen 77p.

2.pl: Frøken og Sunniva N. Nupen 73p.

3.pl: Bolt og Susann Osnes 62p.

 

Alle fekk skryt av dommaren for fin dyrehandtering,og det vart heile seks nye bruksprov! Gratulerer!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det kjekkaste, bortsett frå at så mange greidde bruksprov, var at to personar gjekk prøve for fyrste gong: Guro og Brian,det var godt gjennomført! Og like positivt er det at Sunniva er på banen igjen med ny hund. Vi gler oss til fortsettelsen.

 

DP kl.1-2 startavgift 250kr.

Fylkesmeisterskap (klasse 3)

startavgift 350 kr.

(kontonr MMG: 3901.30.66225)

 

 

 

 

NB! Fylkesstyret melder om 2 ekstra uttaksprøver!

 

Styret i MRGL har vedteke at det skal arrangerast 2 ekstra uttaksprøver til NM. Dette pga den gledelege beskjeden at ein frå fylket er utteken på landslaget,og skal representere Noreg i Nordisk Mesterskap i Stockholm.

 

Nordisk Mesterskap går føre seg same helga som landsprøva i Stryn. Og LP i Stryn gjeld som kjent som 2 av våre 3 uttaksprøver til NM. Dette var vedteke tidlegare i år.

 

Denne personen vert dermed forhindra frå å gå teljande uttaksprøver,og kan dermed risikere å gå glipp av NM.

 

Styret i MRGL synes ikkje at dette var rettferdig,og har einstemmig vedteke at det vert helde 2 ekstra uttaksprøver no i haust.

 

Det er også positivt for andre i fylket som no får 2 ekstra prøver, og uttaksprogrammet vert slik det har vore tidlegare: 3 av 5 prøver er teljande. Dei 2 dårlegaste vert strokne.

 

Einaste helga mogleg å ha slike prøver er 10-11.september. Dette er midt i sankinga for dei fleste,og det ser vi oss leie for. Men pga ei slik uforutsett hending,måtte det bli slik i år.

 

Styret i Møre og Romsdal Gjetarhundlag

 

FM-finalistane ilag med Hilmar Kleppe (leiar i M og R sau og geit)

Dommar for helga:

Jon R. Aas

6 nye bruksprov i fylket 1.okt!

VSG inviterte til distriktsprøve 3.april

 

Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag arrangerte distriktsprøve søndag 3.april. Prøva gjekk av stabelen i Steinsvika, inst i Dalsfjorden.

 

Dommar: Odd Bjarne Bjørdal.

 

Prøva starta klokka 10, med klasse 3 fyrst. Deretter klasse 2. I klasse 1 var det ingen startande.

 

Philipp melder at sauane var nyklipte, av rasen kvit spæl.

Det vart fyrt opp i bålpanna, slik at den som vil kunne grille.

Deltakarane var heldige og fekk vere ute i strålande vårver.

 

I klasse 3 var det 9 startande. Her vart det jamne poengsummar i toppen, men Philipp og Ulla (Gunn) vann på OLF med 84 p.

Nr.2: Ailen Skogeng og Fleece 84p.

Nr.3: Torstein Ytre og Titti 84p.

 

I klasse 2 vart resultatet slik:

Nr.1: Roger Løvik og Ayla 75p.

Nr.2: Per Steinsvik og Tarja 42p.

Nr.3: Ingvald Skårland og Fjell 19p.

 

Vi gratulerer så mykje! Kan og nemne at Marianne Schips hadde strikka flotte huer til fyrstepremievinnarane. Tenk å vinne ein slik premie!

 

(For øvrige resultat sjå prøveresultat på nsg sine sider.)

 

 

Startkontingent kr.250 betalast til VSG sitt kontonummer: 3909.30.51274. (før prøvestart)

 

 

 

 

 

 

 

 

Roger og Torstein tok turen til Steinsvika

Stemningsbilete frå prøva 3.4.2016.

I strålande sommarsol kunne MMG ynskje velkomen til distriktsprøve på Opskar,Stette sundag 29.mai.

Vi valde å ha små flokkar på 4 sau i kvar, slik at dyra slapp å gå bana meir enn 3 gongar. God dyrebehandling gjorde at både sau og hund klarte seg fint, til tross for at sola varma godt.

Klasse 3 starta fyrst, her var det 10 deltakarar. Nokre av dei kom langvegs frå, derav dagens vinnar: Alexander Strøm og Glen med 98p.

2.pl: Jan Myklebust og Tind 95p.

3.pl: Merethe Hellevik og Bennis 95p.

 

Jan Myklebust og Storm fekk bruksprov i klasse 3 med 86p!

 

Nils og Nikita prøvde seg i klasse 2, men inndrivinga vart for vanskeleg då sauane drifta mot skogen, og Nils valde å gå frå pålen.

 

I klasse 1 var det 3 startande,og her klarte alle bruksprov.

1.pl: Veronica Wister og Yme 71p.

2.pl: Nils Stråmyr og Lark 67p.

3.pl: Kai Hjeldnes og Dan 65p.

 

GRATULERER!

 

(for øvrige resultat sjå prøveresultat på nsg sine sider)

 

Dommar iår som ifjor var Jakob Gjerde. Vi er takksame for at han tok turen heilt til Sunnmøre frå Etne i Hordaland.

Gode hjelparar på ulike plassar gjorde sitt til at prøva vart vellukka. Det såg ut til at folk kosa seg!

 

 

Prøveavgift kr.200 pr.startande hund, betalast til MMG sin konto nr:

3901.30.66225 innan prøvestart.

 

 

 

Takk for at nettopp DU tok turen!

 

 

Mvh Midtre Møre Gjetarhundlag

 

 

 

Gratulerer til

Brian Nielsen og Glen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vinnar av Unghundcupen 2016

 

 

Jan Myklebust og Rex er klare for finalen

 

Jan og Rex er einaste ekvipasje frå Møre og Romsdal som har kvalifisert seg til finalen i Norgesserien. Nærnett i Volda har laga ein flott reportasje om desse to. Den kan du lese ved å trykkje her

Vi ynskjer dei lukke til i helga!

 

 

Finale i Norgesserien 22-23.okt

 

 

Finalehelga i norgesserien er i år lagt til Møre og Romsdal, Ørsta og Sæbø. Garden heiter Rise og ligg ein halv km opp frå sjøen på nordsida av Bondalselva. Du kjem fram gjennom å fylgje veg 655 frå Ørsta eller ved å ta ferje frå Leknes. Vi skal halde til på same arenaen som i NM i 2000 (dei som har halde på så lenge hugsar gjerne den)

 

Banen er flatlendt. Sauen er kvit, ikkje klypt og har rumpe.

Det vert gjennomgang laurdag kl.0745 og start for fyrste ekvipasje kl.0800.

 

Dommar for finalen er Frankie McCullough.

Oppmann er Odd Bjarne Bjørdal.

Kontaktperson for tilstellinga er Atle Arnesen tlf 976 54 902.

 

Du slepp å niste deg ut. Mat vert det å få kjøpt på arenaen.

 

Sagafjord Hotell har god atmosfære og smakeleg mat. Hjørundfjord Camping ligg også nær ved arenaen og har fleire alternativ for overnatting og parkering av vogner og bubilar.

 

Vi som arrangør ville sette stor pris på om flest mogleg av deltakarane kunne vere i lag med oss på hotellet laurdagskvelden. Hotellet har gjeve oss eit tilbod for torettars middag for kr.325,-

Hjørundfjorden er Noreg sin vakraste fjord. Knut Hustad er bonde, har ski, fjellsko og fotoapparat. Han vert med oss med bilder frå turar kring om i dette landskapet.

Vi bed om at du tingar middag på Sagafjord samstundes med overnatting,og sjølv om du ikkje bur på hotellet.

 

Hjarteleg velkomne alle saman!

 

 

Gode resultat for fylket i Erdalen

 

Det vart ei vellukka landsprøvehelg i Oppstryn 17-18.september. Og nokre av ekvipasjane frå Møre og Romsdal hamna høgt oppe på resultatlistene.

 

Dommar for helga var Torstein Ytre.

 

Ei stor og fin mark, og jamne, gode sauer frå besetninga til Ailen Skogeng og Halvor Tenden, gjorde at alle fekk mest mogleg like forhold.

 

Det var over 300 meter utgong på laurdagen,og lang driving. Tid for å fullføre vart sett til 11 minutt. Etter at dei fire fyrste hadde gått,såg ein at det vart for lite tid til å få med alle momenta, så singlinga vart kutta ut.

 

På laurdag fekk Andy til Susann Osnes og Akersborg Rex til Jan Myklebust 91 poeng.Det same fekk Sanki til Magnus Grimeland, og Billie Jean til Linn Kristin Flaten. Men etter å ha sett på poenga for dei ulike momenta, vart Sanki og Magnus vinnar.

Andy og Susann delte andreplassen med Billie Jean og Linn Kristin.

Rex og Jan kom på plassen under.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På sundag vart bana korta inn og tida sett til 12 minutt, dermed tok ein og med singling.

 

Sundag vann Sweep og Torkjell Solbakken med 108 poeng.

2.pl Prince Caspian og Roger Løvik 107p.

3.pl. Bror og Dag Owe Løvø 104p.

4 pl. Mirk og Atle Arnesen 104p.

5 pl. Akersborg Rex og Jan Myklebust 103p.

6pl. Fleece og Ailen Skogeng 103p.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rex og Jan hadde ei flott helg resultatsmessig, ikkje noko rart at dei er reserve til landslaget, så jamnt gode dei er!

 

Og å ha to frå Møre og Romsdal blant dei seks beste begge dagar, det vitnar om kvalitet! Mykje godt treningsarbeid ligg bak, for slike resultat kjem ikkje av seg sjølv.

 

(for fleire resultat, sjå nsg sine sider)

 

 

ISG arrangerte dp/uttaksprøve til NM laur.10-søn.11.sept.

 

Prøva, som var i klasse 3, vart helde på Hellesylt, nærare bestemt på Vollset (ved starten på Flofjellet) og gjekk på Norsk Pelssau, hundevande, men ikkje treningsdyr. Takk til Bente og Frank som stilte sine sau til disposisjon!

 

Startkontingent 250 kr pr startande hund pr dag, betalast til ISG sin konto:

 

3910.25.58506

 

Det vart to fine prøvedagar i flott Vestlandsnatur.

 

På laurdag var Magnus Grimeland dommar.

 

Topp 4 laurdag:

1.pl Sina og Torstein Ytre 96p

2.pl Meg og Andor Bjørke 93p (best frå fylket)

3.pl. Mirk og Atle Arnesen 90p

4.pl Tind og Jan Myklebust 89p

 

Søndag var Torstein Ytre dommar.

 

Topp 3 søndag:

1.pl Sanki og Magnus Grimeland 103p

2.pl Chip og Halvor Tenden 97p

3.pl Lyn og Magnus Grimeland 95p

 

Best frå fylket søndag:

Roxy og Nils E. Stråmyr 94p

Mirk og Atle Arnesen 88p

Rex og Jan Myklebust 86p

 

Når det gjeld NM-uttaket ligg Mirk og Atle best an med 2 andreplassar og 24 poeng totalt

 

Deretter kjem:

Meg og Andor Bjørke 19p

Roxy og Nils e. Stråmyr 19p

Rex og Jan Myklebust 18p

Tind og Jan Myklebust 17p

Dan og Andor Bjørke 16p

 

Komande helg, den 17-18 september, er det landsprøve i Erdalen, Oppstryn. Desse gjeld og som uttaksprøver for Møre og Romsdal. Minner om at det vart 5 uttaksprøver i haust, der 3 av 5 prøver er gjeldande (dei 2 dårlegaste resultata skal strykast).

 

Fylkesmeisterskapet, som i år er på Gjermundnes 2.okt., er siste prøva som er med i NM-uttaket.

 

Fylkesmeisteren er direkte kvalifisert til NM.

 

Lukke til med resten av uttaksprøvene!

Dei seks beste på sundag

Topp fire på laurdag

Distriktsprøve 29.mai på Opskar, Stette

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Skjer det nåkke???

Årets NM 2016

 

Årets NM var lagt til Sjåstad gard i Lier, Buskerud. Ei flott bane,god og jamn sau, rask resultatservice og eit velorganisert apparat rundt, gjorde sitt til at dette vart eit vellukka arrangement.

 

Møre og Romsdal stillte med 6 hundar.

Beste plasseringar for fylket vart Rex og Jan Myklebust med 30.plass.

Meg og Andor Bjørke kom på ein 33.plass.

 

Vi kan oppsummere med at fylket klarte å behalde kvoten på seks hundar til neste års NM! Godt jobba!

 

I år vart Rune Landås frå Kristiansand og hunden Llangwn Kess Noregsmeistrar.

 

Her kan du lese meir stoff frå NM, og sjå resultat og fylkeskvotar

 

 

 

 

 

Poeng NM-kvalifisering 2016

 

Møre og Romsdal har i år ein fylkeskvote på seks hundar til NM.

Vi har laga ein tabell som viser poenga etter 4 av 5 prøver (med forbehold om feil)

 

Oversikt over opptjente poeng etter at alle uttaksprøvene er ferdige, finn du ved å trykkje her

 

 

 

 

Landsprøva i Nordfjord vart fullteikna på rekordtid!

Norgesserieprøva i Stryn/Hornindal er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og vert arrangert 17-18 september.

 

Ekvipasjer frå vårt fylke hadde rett til påmelding på førehand.

Vi hadde frist til 10.mai kl.19:00 til slik påmelding.

 

Minner om at dette er teljande uttaksprøver for vårt fylke.

 

Her er link til meir informasjon om Norgesserieprøvene:

 

http://www.nsg.no/gjeterhund/norgesserien-2016-article10793-493.html

 

Gratulerer til Sweet og Joakim Engdal

Vinnar av Unghundcupen 2015

Copyright © All Rights Reserved