Copyright © All Rights Reserved

mrgl.no

Vedtekter

 

Møre & Romsdal Gjeterhundlag

 

Vedtatt 06.02.2010

 

****

 

§ 1. Organisasjon.

 

Møre og Romsdal gjetarhundlag (MRGL) er underlagt Møre og Romsdal Sau og Geit. (MRSG). Årsmøtet i MRSG er laget sitt øverste mynde. Arbeidsplan for kvart år skal godkjennast av MRSG. Laget sitt arbeidsområde er Møre og Romsdal fylke.

 

Ved skipinga av fylkeslaget har området fylgjande lokallag:

 

  • Nordmøre og Romsdal gjetarhundlag.
  • Midtre Møre gjetarhundlag.
  • Vestre Sunnmøre gjetarhundlag.
  • Indre Sunnmøre gjetarhundlag.

 

Norsk Sau og Geit er raseklubb for border collie og working kelpie. Laget er fylkesleddet i raseklubben, og er i avlsspørsmål underlagt Gjetarhundrådet sitt avlsutval.

 

 

§ 2. Laget sine oppgåver.

 

 

Laget har ansvaret for organiseringa og samordninga av gjetarhundarbeidet gjennom å stimulere til auka- og betre bruk av gjetarhund i fylket. Dette inneber mellom anna utdanning av instruktørar og domarar, tilstelling av kurs, og ansvar for at fylkesmeisterskap av høveleg vanskegrad vert arrangert. Vidare skal laget gjere uttak av hundar til noregsmeisterskapen etter på førehand kjende reglar og fastsette kvalifiseringsprøver.

 

Laget skal samordne og fordele prøvedatoar etter ynskje frå lokallaga.

 

Bruksprov skal skrivast ut til dei ekvipasjane som har greid godkjend prøve.

 

Lokallaga skal orienterast om relevant gjetarhundstoff og -saker.

 

§ 3. Medlemsskap.

 

Alle som er interesserte i gjetarhundarbeid kan verte medlemar i laget gjennom sitt lokallag. Stemmerett har berre dei som er medlemar i Norsk Sau og Geit. Tillitsvalde må og vera medlemar av NSG.

 

§ 4. Årsmøte.

 

Styret kallar inn til årsmøte, som skal haldast innan 15. februar.

 

Innkalling med sakliste, årsmelding, rekneskap, forslag til arbeidsplan og budsjett for komande år, og valnemnda si tilråding, skal vere medlemane i hende seinast 10 dagar før årsmøtet. Saker medlemane ynskjer handsama på årsmøtet må vere styret i hende innan 20 januar. Leiar av MRSG skal tilsendast årsmøteinnkallinga, og utsending frå styret har møte- og talerett. Det same har alle medlemane etter §3. Stemmerett har dei valde utsendingane frå lokallaga med 1 utsending for kvar påstarta 10-tal av medlemar.

 

 

Sakliste:

 

a) Val av møteleiar, møtebokskrivar og to til å signere møteboka.

 

b) Godkjenning av innkalling og sakliste.

 

c) Årsmelding.

 

d) Rekneskap.

 

e) Innkomne saker.

 

f) Arbeidsprogram og budsjett for komande år.

 

g) Godtgjersle til tillitsvalde.

 

h) Val av;

  • leiar for 1 år.
  • styremedlem(ar) for 2 år.
  • personleg(e)varamedlem(ar) for 1 og 2 år.
  • val av 2 revisorer
  • utsending til årsmøtet i MRSG.
  • valnemndsmedlem(ar), med funksjonstid 4 år.

 

i) Eventuelt (drøftast, men ikkje stemmast over).

 

Omframt årsmøte kan krevjast av eit styrefleirtal, av 1/3 av medlemane eller styret i MRSG, og vert innkalla på same måten som ordinært årsmøte.

 

§ 5. Styret.

Styret har leiar og 3 medlemar. Leiaren vert vald særskilt på årsmøtet for eit år. Styremedlemane vert valde for ei periode på to år. Styret konstituerar seg sjølv. Det er vedtaksført når minst tre medlemar er til stades. Ved stemmelikskap avgjer leiaren saka med si dobbelstemme.

 

Styret står for den daglege drifta gjennom året. Det er ansvarleg for å få utført oppgåver som er pålagde gjennom vedtektene og av årsmøtet. Styret utarbeider forslag til arbeidsplan og budsjett for komande år som vert lagt fram på årsmøtet. Styret kan nemne opp underutval for å få utført særoppgåver og gje mandat til slike.

 

Ein eventuell representant frå styret i MRSG har møte- og talerett på styremøta.

 

§ 6. Valnemnd.

 

Valnemnda er samansett av ein person frå kvart lokallag. Styret gjev valnemnda arbeidsinstruks.

 

Nemnda skal ha forslag om;

  • leiar for 1 år.
  • styremedlem(er) for 2 år.
  • personlig(e) varamedlem(er) for 1 og 2 år.
  • 2 revisor for 2 år.
  • godtgjersle til tillitsvalde.

 

 

§ 7. Godkjenning og vedtektsendring.

 

Desse vedtektene er godkjende på skipingsmøtet i Møre og Romsdal gjetarhundlag den 6. februar 2010. Forslag til vedtektsendring skal vere styret i hende minst tre månader før årsmøtet, og må ha 2/3 fleirtal. Vedtekter og vedtektsendringar må godkjennast av MRSG før dei er gyldige.

 

 

§ 8. Oppløysing av laget.

 

Oppløysing av laget kan berre gjerast på eit ordinert årsmøte og må ha 2/3 fleirtal. Slikt vedtak skal godkjennast av årsmøtet i MRSG. Vert laget oppløyst skal eventuelle midlar settes inn på eit fond som styres av styret i Møre og Romsdal Sau og Geit. Fondet skal brukes til å fremje gjetarhundarbeid i fylket.

 

Copyright © All Rights Reserved