Copyright © All Rights Reserved

Siste oppdateringar:

 

-24.05 Heim (DP Opskar, Stette 26 mai)


-22.05 Heim (Dp Tynes 25 mai)


-21.05 Heim (Kolåstindprøva 1-2 juni)


-21.05 Heim (Gjetarhundkurs Hollingen 8-9 juni)


-19.05 Heim (Gjetarhundkurs Stette 22-23 juni)


-10.05 Aktivitetskalender (dp Fursetfjellet 15-16 juni, dp Aure 28 juli)


-07.04 Heim (Aktivitetshelg på Gamlem 29-31 mars)


-07.04 Heim (Dugnad på Stette 6 april)


-01.04 Heim (Kval.opplegg NM-2019)


-01.04 Heim (Korleis knytte NSG-medlemskap til NKK)


-03.03 Aktivitet (under Aktivitet er der ei ei fane som heiter Aktivitetskalender, der ser du førebels oversikt over planlagte aktivitetar i fylket)


-14.02 Heim (Årsmøte i MRGL)


-03.02 (Organisering/Referater: Styremøte 14.01.19)

 

-21.01 Heim (Bruksprov)

 

-Lokallaga (under Organisering er der ei fane som heiter Lokallaga,der finn du litt informasjon om dei fire lokallaga våre)

 

Vi vil gjerne ha inn nytt frå gjetarhundfronten: brukar du hunden i praktisk arbeid, heime eller på fjellet, ta eit bilete og skriv nokre ord. Send og inn frå trening, kurs og prøver.

Adressa er: redaksjonen@mrgl.no

 

Skjer det nåkke???

Unghundserien 2019


MRGL har,i tillegg til å kåre beste unghund på Fylkesmeisterskapet, ein årleg cup som går over 4 distriktsprøver i klasse 2, kalla Unghundcupen.


Reglar for Unghundcupen finn du ved å trykkje her..


Desse distriktsprøvene inngår i Unghundcupen 2019 (alle i kl.2):


Tynes, Sykkylven 25.mai (ISG

Opskar, Stette 26.mai (MMG)

Kolåstindprøva 2.juni (VSG)

Gule, Bud 25.august (NRG)



Gratulerer til Karina Stråmyr og Strawmoor Pixie


Vinnar av Unghundcupen 2018


Gratulerer til Nils E. Stråmyr og Billy

Vinnar av Unghundcupen 2017

Gratulerer til Brian Nielsen og Glen

Vinnar av Unghundcupen 2016

Gratulerer til Sweet og Joakim Engdal

Vinnar av Unghundcupen 2015

DP Tynes den 25.mai


Velkommen til årets første gjeterhundprøve, på Tynes i Sykkylen.


Oppstart klokken 10.30


Vi begynner med klasse 3 og fortsetter med klasse 1 og avslutter tilslutt med klasse 2.


Merk at Klasse 2 inngår i unghundcupn.


Startlister: 


Klasse1 - Klasse2 - Klasse3


Slå inn "Tynesvegen 45" på google, så finner dere arenaen.


Dommer er Andor Bjørke


Startavgift 250 kr pr ekvipasje, innbetalast før start til Indre Sunnmøre Gjetarhundlag sin konto: 3910.25.58506


VIPPS: 536789


Påmelding til Nils E. Stråmyr på tlf: 900 83 282 på sms


Mvh Styret i ISG



Gjetarhundkurs Hollingen 8.-9.juni


Gjetarhundkurs på Hollingen 8.-9.juni.


NB: 1 plass ledig! 


Instruktør: Jonathan Gerhard Haakull.


Kurset er for hund over 10 mnd. alle nivå.


Påmelding

til Lisbeth Hollingsholm tlf: 476 10 448


Pris for kurset er ikkje endeleg avklart (ca 1800,-)

Innbetaling til kontonummer. 3930.03.90092



Kvalifiseringsopplegg til NM-2019


Årets prøver som inngår i NM-kvalifiseringa for Møre og Romsdal er: 


Kolåstindprøva 01.06 (VSG)

Fylkesmeisterskap m/finale Sykkylven 29.06 (ISG)

Distriktsprøve Sykkylven 30.06 (ISG)

Distriktsprøve Gule, Bud 24.08 (NRG)

Distriktsprøve Lepsøy, Haram 05.10 (MMG)


Uttaksreglement for NM-kvalifisering 2019 finn du ved å trykkje her..


Vellukka aktivitetshelg på Gamlem 29-31 mars


Aktivitetshelg på Gamlem 29-31 mars

 

I mars 2009 vart arbeidet med å opprette Møre og Romsdal Gjetarhundlag starta. Det betyr at MRGL har 10-års jubileum i år, og det markerte vi med ei aktivitetshelg 29.-31.mars på Gamlem (Søvika i Haram kommune).

 

Fredag kveld hadde vi samling av kursdeltakarar og instruktørar på Gamlem grendahus. Andor Bjørke heldt foredrag om trening av gjetarhund. Det vart servert pizza, sponsa av Nortura.


Laurdag var kursdeltakarane fordelt på 3 grupper, med 2 instruktørar på kvar gruppe. 


Andor og Nils instruerte dei som hadde komt lengst og var meir eller mindre klare for å gå prøver.


Sara og Knut-Jørgen var instruktørar på eit anna område med gruppe nummer 2.


Philipp og Merethe instruerte på gruppe nummer 3. 


Sjølv om vergudane ikkje spelte heilt på lag, så var det mange blide fjes å sjå, og alle fekk fleire treningsøkter gjennom dagen.

I pausa midt på dagen var det godt å kunne gå inn på grendahuset og få ly for regn og vind.


Laurdagskvelden hadde vi middag på Gamlem grendahus. Etterpå hadde vi kviss, laga av Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag. Artig og sosialt!


Søndag var det på att igjen med fleire treningsøkter. 

Trur nok at det var mange trøtte to- og firbeinte om kvelden.

Håpar at alle fekk med seg nokre tips til hjelp i vidare trening.

 

Vi var så heldige at Karina og Nils Stråmyr stilte fjorslamma sine, av rasen gammalnorsk spæl, til disposisjon denne helga. 

Stor takk til dei!


Camilla Akslen tok mange flotte bilete, vi har fått lov til å bruke dei her på heimesida. Tusen takk,Camilla.

Sjå øvst på sida. I tillegg kan du gå inn på fana Bildealbum, og Bildegalleri, der finn du endå fleire bilete.


Kart/foto over dei ulike treningsområda finn du her:


Unghundtrening/Grendahus


Generell trening


Prøvetrening



Tusen takk til dei 6 instruktørane frå fylket som instruerte gratis denne helga, overskotet gjekk til Møre og Romsdal Gjetarhundlag.  



 

Kursavgift 1400 kr (inkl mat fredagskvelden)

+ 245 kr for middag laurdag kveld  (biff stroganoff eller bacalao)


Ver vennleg og skriv namn på kursdeltakar når du betalar i nettbanken, då blir det enklare å ha oversikt. 

Innbetaling til MRGL sitt kontonummer: 3910.40.31815.

 

Mvh

Styret i MRGL

 Årsmøte i Møre og Romsdal Gjetarhundlag

 

Møre og Romsdal Gjetarhundlag hadde årsmøte laurdag 9.februar, klokka 14.00.

på Systra kafe, Sjøholt.


Årsmøtereferatet kan du lese her....

 

Innkalling til årsmøte finn du ved å trykkje her...

 

Årsmelding for MRGL finn du ved å trykkje her...

 

Rekneskap MRGL 2018 ser du ved å trykkje her...

 

Budsjettforslag for MRGL 2019 finn du her.....

 

Valnemnda si innstilling ser du her...

 

Styret i  Møre og Romsdal Gjetarhundlag i 2019 er samansett slik:

 

Merethe Hellevik (MMG) leiar

Vara: Ingrid Iversen

 

Anne Katrin Melle (VSG) nestleiar

Vara: Sara Larsson

 

Maren-Ann H. Løvold (NRG) kasserar

Vara: Jostein Røyset

 

Nils E. Stråmyr (ISG) skrivar

Vara: Andor Bjørke 

 

 


 

 

DP Opskar, Stette 26.mai


Velkomen til distriktsprøve på Opskar, Stette søndag 26.mai i klasse 3 og 2.


Vi startar med klasse 3 klokka 11.


Merk at klasse 2 inngår i Unghundcupen.


Startliste klasse 3


Startliste klasse 2


Dommar er Andor Bjørke.


Ta gjerne med grillmat, vi fyrer opp i bålpanna.


Startavgift 250 kr pr ekvipasje, betalast inn til Midtre Møre Gjetarhundlag sin konto: 

3901.30.66225.

Skal vere innbetalt før prøvestart.


Påmelding til Merethe Hellevik tlf: 99 56 07 62


Mvh

Styret i MMG


Kolåstindprøva 1.-2.juni


Velkomne til prøver på Myrane


Laurdag klasse 1 og 3 (klasse 3 laurdag er ei av NM-uttaksprøvene i fylket)


Sundag klasse 2 og 3 (klasse 2 inngår i Unghundcupen)


Vi kjem tilbake med opplysningar om starttidspunkt


Dommar laurdag: Magnus Grimeland


Dommar sundag: Andor Bjørke


Sal av brennsnut begge dagar!


Fleire plassar er det mogleg å setje frå seg bobil


Startavgift 300 kr pr ekvipasje, innbetalast før start til Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag sin konto: 3909.30.51274


Påmelding innan 24.mai til Anne Katrin Melle på tlf: 951 09 837 


Mvh Styret i VSG



Gjetarhundkurs Stette 22.-23.juni


Midtre Møre Gjetarhundlag inviterar til kurs i bruk av gjetarhund 22 - 23 juni. Kurset blir på Stette.


Instruktør: Anne Kari Veikleenget.


Pris: 1400 kr. betalast til MMG sin konto: 3901.30.66225


Påmelding til Ingrid Iversen tlf: 926 97 320


Kurset vert arrangert i samarbeid med studieforbundet næring og samfunn


Velkomen til kurs! 🙂

Bruksprov


Styret i MRGL tek oppatt praksisen med at ekvipasjer kan bestille laminerte bruksprov.


Bestill bruksprov no, slik at du kan ha det med i lomma under sankinga til hausten.


Pris pr.bruksprov 250 kr. (faktura vert sendt ilag med kortet)


Vil du bestille bruksprov, send ein e-post til: post@mrgl.no


Hugs å oppgi namn på førar,adresse, registreringsnummer og namn på hunden, stad og dato der godkjent prøve vart oppnådd (minimum 60 poeng).


Dugnad på Opskar, Stette 6.april


Midtre Møre Gjetarhundlag hadde dugnad på treningsfeltet sitt på Opskar, Stette laurdag 6.april


Nokre entusiastiske sjeler møtte opp til dugnadsinnsats. Gjerdet vart reparert og gapahuken fekk eitt strøk med beis.


Anne hadde som vanleg med si berømte sjokoladekake, slik at vi unngjekk blodsukkerfall og dårleg humør! 


No er området klart til at treningsdyra kan sleppast innpå i løpet av mai.  


Sjå gjerne innom facebook-sida til MMG: 


https://www.facebook.com/groups/1795750634081652/


Mvh

Styret i Midtre Møre Gjetarhundlag

Korleis knytte NSG-medlemskapet ditt til NKK


MRGL har fått spørsmål om korleis ein skal knytte medlemskapet sitt i Norsk sau og geit til NKK


På www.nsg.no kan du finne svar på ymse spørsmål om NSG/NKK samarbeidet og i tillegg er det enkelt å registrere NSG-medlemskapet sitt til NKK derifrå.


Link til NSG-sida: 

 

http://www.nsg.no/nkk-samarbeid/category2893.html




Copyright © All Rights Reserved