Copyright © All Rights Reserved

Fylkesmeister 2015

Jan Myklebust og Foss.

 

Gjetarhundprøve

DP-Tynes 14.mai!

 

Indre Sunnmøre Gjeterhundlag arrangerte DP på Tynes denne torsdagen i Sykkylven. Veret var skiftande mellom sol, regn og hagl!

 

Først ut var klasse 3. Bana vart sett med skrå inndriving og dei aller fleste valde å sende venstre. Etter hentet var det driving ut til høgre gjennom port 2 som var den same som inndrivingsporten. Kryssdriving opp bakken og så inn i deleringen. Nærarbeidet besto av deling, kve og skiljing. Ikkje minst kveing kunne vere utfordrande.

 

Sauene hadde ikkje vore på bana før, og sjølv om alle flokkane ikkje var heilt jamne, er det den variasjon ein må rekne med når ein har å gjere med levande dyr. 17 ekvipasjar stilte til start.

 

1.Roxy og Nils E Stråmyr 100 p.

2. Glen og Alexander Strøm 99 p.

3. Andy og Susann R. Osnes 98 p.

 

Før klasse 2 vart bana ombygd til ei meir tradisjonell bane med rett inndriving og tre portar. Noko trekk ned mot kve gjorde at ekvipasjane vart utfordra på frådrivinga men mange mestra utfordringa glimrande.

Sju ekvipasjar starta i klasse 2.

 

1. Nan og Stein Birger Dalland 79 p.

2. Ben og Joakim Engdal 71p (43)

3. Tess og O.H: Bonsaksen 71p(37)

 

I klasse 1 vart utfordringane denne gongen diverre for store til at nokon av dei tre ekvipasjane greidde å oppnå dei nødvendige 60 poenga for bruksprov . Dei kjem sterkare att!

 

Takk for oppmøtet alle saman, både hundar og førarar, og ikkje minst takk for det sosiale samværet og god dyrehandsaming.

 

Øvrige resultat: NSG

 

Gjetarhundprøve på Stette 24.mai.

Gjetarhundprøve på Tynes 2. august.

Indre Sunnmøre Gjeterhundlag arrangerte distriktsprøve i bruk av gjetarhund på Tynes i Sykkylven søndag den 2. august.

 

Vinnar i klasse 3 vart Andor Bjørke og hunden Killiebrae Dan med 105/110. Susann R. Osnes og Andy vart nr 2 med 98 poeng, så Solvollgarden gjorde reint bord ang dei første plassane. Nr 3 vart Merethe Hellevik med Bennis og 96 poeng.

 

Klasse 1 hadde 6 deltakarar, der fire fekk bruksprov! To av desse prova tok Atle Arnesen med hundane Fonn og Toppsi!

Kristin Løkkemo og prinsesse Bea tok førsteplassen og Jan Kåre Ravnøy og Storm greidde og brukskravet. Gratulerer til alle.

 

Langvegsfarande Wenche Folkestad og Twist vann klasse 2.

 

Dommar vert Gunvor Mandt, også ho frå Telemark.

 

Resultat elles finn ein på nsg/gjeterhund.

 

Minner om pøveavgift kr. 200 til ISG sin konto 3910 25 58506.

 

VEL BLÅST!

Midtre Møre Gjetarhundlag arrangerte DP på Opskar,Stette fyrste pinsedag. Kaldt ver og regn innimellom,gjorde at gapahuken var kjekk å ha.

Sauane var jamne,og fine å køyre prøve på.

 

Det var 10 startande i klasse 3. Dei beste var:

 

1. Dan og Andor Bjørke 103p.

2. Blue og Susann Osnes 101p.

3. Chip og Halvor Tenden 101p.

 

5 startande i klasse 2. Topp tre bestod av:

 

1. Adam og Halvor Tenden 76p.

2. Ulla og Philipp Schips 70p.

3. Ben og Joakim Engdal 68p.

 

2 startande i klasse 1:

 

1. Ulla og Philipp Schips 60p.

2. Nikki og Thomas Akslen 53p.

 

Øvrige resultat: sjå NSG prøveresultat.

 

Takk til Jakob Gjerde som tok turen heilt frå Etne i Hordaland,for å dømme på ei lita distriktsprøve.

Og takk til folk som stille opp for å gå prøver,og ikkje minst til dugnadsgjengen som hjalp til før,under og etter prøva.

Vi hadde nokre fine timar ilag med gjetarhunden i fokus.

Takk for oppmøtet!

 

 

Mvh styret i MMG

 

Indre Sunnmøre Gjetarhundlag inviterte forrige helg til FM på Haugset i Sykkylven.

 

FM vart arrangert over to dager med kvalifisering laurdag og finale med dobbelhent og sortering for dei ti beste søndag.

 

Dommar : Per Fremo.

 

I innleiande runde laurdag gjorde Jan Myklebust reint bord med å ta dei tre første plassane med hhv Foss (105), Tind (105) og Rex (104)

4. Andy og Susann Osnes (103).

5. Lykke og Merethe Hellevik(101)

 

Finalen vann Jan Myklebust og Foss med 145 poeng. Dei vart dermed fylkesmeistrar og direkte kvalifisert til NM

Gratulerer til dykk begge!

 

Jan og Tind vart nr. 2 med 142 poeng. Susann Osnes og Andy vart nr. 3 med 130 poeng

Sidan Jan vart både nr 1 med Foss og to med Tind, vart det berre to på bildet av "topp tre"!

 

Tredjeplass: Susann Osnes og Andy.

 

Georg Moen og Dark fekk fat og pokal for beste unghund på FM Møre og Romsdal.

Unghundserien

 

MRGL har i tillegg til å kåre Årets Unghund på Fylkesmesterskapet, også en årlig Cup over flere distriktsprøver for hunder i klasse 2, kalt UnghundCup´n.

Dette er en Cup med mål om å løfte flere unghunder fra de lavere klasser opp til klasse 3, og dermed forankre et opplegg sammen med det arbeidet som allerede legges ned i form av rekruttering og opplæring av gjeterhund ekvipasjer i de fire lokallagene.

Målet er at fylket på denne måten oppnår ennå flere godkjente gjeterhund ekvipasjer som videre blir gode arbeidshunder i det praktiske arbeid med småfe som gjeterhunden er så fantastisk til!

Generelt for Unghundcup´n:

Unghundcup´n går i klasse 2 for hunder som ikke fyller 4 år i kalenderåret for sesongens prøver.

Poengskalaen som nyttes er: 15 for første, 12 for andre, 10 for tredje plass og deretter 9, 8, 7, 6, 5, 4 ,3 ,2, 1.

Oppnåes det 60 poeng eller mer i en klasse 3 prøve i løpet av sesongen, regnes ikke hunden lenger med i Cup´n, men beholder de oppnådde poengene i Cup´n frem til dette tidspunktet.

Vinner utropes på Årsmøtet til MRGL i ettertid, og MRGL står for graveringen av vinnerskjoldet.

Norgesserien 2015!

Landsprøve i Sykkylven

19-20. september

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Biletet over er frå søndagen då vergudane spelte mest på lag med arrangøren MRGL.

 

Det vart i helga arrangert landsprøver i Norgesserien i Velledalen, ei bygd i Sykkylven kommune.

 

Prøvene vart heldne på ei flat attelege, i fine omgjevnader i hjartet av Sunnmørsalpane. I løpet av helga fekk deltakarane oppleve fleire årstider, og under løpet søndagen også høyre lyden av steinras på relativt nært hald!

 

Frå arrangøren si side var mykje gjort for å sikre ei så god landsprøve som mogleg. Alt frå hundevante GNS søyer uten lam til deilig brennsnut og matservering effektivt og smakfullt utført av det lokale skulekorpset var døme på typisk vinn-vinn samarbeid.

 

Laurdagsprøva gjekk i ausande regnver så dei oppsette telta var naudsynte for trivselen sjølv for hardbarka gjetarhundfolk. Likevel var det stort sett berre blide fjes å sjå sjølv om nokre naturleg nok var blidare enn andre...

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vinnar laurdag vart Torkjel Solbakken og hunden Sweep med 102 poeng. Magnus Grimeland og Sanki vart nr. 2 og Roger Løvik og Prince Caspian nr. 3. Premiane til desse var Glasboller frå Ingrids glassblåseri der LP Velledalen er innprega.

Premiane frå 4-6 plass var forsekkar frå Royal Canin. Desse gjekk hhv til Halvor Tenden og Chip, Erlend Kvinnesland og Megg og Ailen Skogeng med Fleece.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Søndag vann Lykke og Merethe Hellevik frå Lepsøya med 100 poeng. Stor åtgaum.

Prince Caspian og Roger Løvik vart nr. 2 denne dagen og Magnus Grimeland og Sanki 3. Slik sett hadde dei to sistnemnde bytt plassering i forhold til laurdagsprøva.

Chip og Halvor Tenden 4, Aslan og Roger Løvik 5 og Andy med Susann R. Osnes 6.

Same premiering som laurdagen.

 

Møre og Romsdal og S og Fj. tok såleis hand om dei seks første plassane denne dagen. Elleve av dei tolv første plassane gjekk til dei to fylka. Særskilt Roger Løvik og Magnus Grimeland hadde ei stor helg. Halvor Tenden med Chip med 4 plass begge dager gjorde det også godt.

 

Å arrangere LP krev innsats av ein stor stab og at mange tek del. Takk til dykk alle. Grunneigarar, utsetjar, kveansvarleg, sauetransportør, kioskansvarleg, dommarsekretær og ei heil rekkje andre som ikkje er nemnt men ikkje gløymt.

 

Takk og til Torstein Ytre som dømte prøvene over to lange dager.

 

Atter ein gong stor gratulasjon til Merethe Hellevik MMG med seier på landsprøva søndag 20/9-15. Ein merkedag!

Årets Fiskåprøve gjekk av stabelen 28 og 29 mars. Det var 22 hunder som

stilte til start, litt færre enn før, men dei som var der hadde ei flott helg.

 

Bana var utfordrande, men dei fleste kom gjennom. Sauen var jamn og fin.

Været var litt varierande, men ganske bra, årstida tatt i betraktning.

 

Dommar Jon Aas var veldig godt nøgd med forholda, og meinte at dette var ei flott prøve og at dei som ikkje var der burde angre.

 

Laurdagskvelden var det samling på Hakallegarden, der vi koste oss med

bacalao og godt drikke.

Fiskåprøva 2015, samanlagt.

1.Jan Myklebust/Rex 203 p

2 Dag Owe Løvø/Ianto 182 p

3 Magnus Grimeland/Lyn og Jan M/Foss 178 p

5 Halvor Tenden/Chip 175 p

6 Atle Arnesen/Mirk og Dag Owe/Bror 169 p

8 Atle/ Fern 161 p

Alle resultata frå Fiskåprøva:

Laurdag 28.03 og søndag 29.03

finn du her:

I strålande solskin arrangerte Indre Sunnmøre Gjeterhundlag distriktsprøve i bruk av gjetarhund på Haugseth i Sykkylven. Prøva var og med i uttaket til NM 2015 for Møre og Romsdal ekvipasjane sin del. Magnus Grimeland dømde godt, jamnt og rettvist.

 

Klar vinnar av klasse 3 vart Susann Rypdal Osnes med hunden Andy og 103 poeng. Andreplassen gjekk til Andor Bjørke med hunden Meg og 100 poeng OLF 46. Tredjeplassen tok Alexander Strøm med hunden Glen og 100 poeng OLF 44.

 

Gratulerer til alle tre!

 

Resultat klasse 3 (Uoffisielle)

Resultat klasse 2

Resultat klasse 1

 

Takk til deltakarar i alle klasser, dei som var med å arrangerte, lån av mark, sauer og tilskodarar! Vi treng dykk alle!

 

Startkontingent 200 kr pr hund skulle betalast til ISG sin konto 3910.25.58506.

 

Gjetarhund

DP-Batnfjorden 23.aug

Nordmøre og Romsdal Gjetarhundlag arrangerte DP på Batnfjordsøra søndag den 23. august på området til HH-Ranch. Prøveområdet var nyslått og alt var lagt godt til rette av Alvin Harstad og hjelparane hans.

 

DP gjekk i klassene 3,2 og 1. For klasse 3 var dette ei av uttaksprøvene til NM! Dommer var Torstein Ytre frå Skjåk.

 

Vinnar i klasse 3 vart Atle Arnesen med hunden Mirk. Dei fekk 100 poeng av 110. Andreplass fekk Halvor Tenden med hunden Chip. Dei fekk 99 poeng. Andor Bjørke med Killiebrae Dan tok tredjeplassen med 97 poeng. Same poengsummen fekk Andor også med hunden Meg som då kom på fjerdeplass på grunn av lågare OLF enn Dan. Det var 22 startande, og øvrige resultat finn ein på NSG gjeterhund sine sider.

 

Klasse 2 hadde to startande, og Joakim Engdal og Sweet vann føre Alvin Harstad og Sussie.

 

I klasse 1 var Atle og Tarek best med 78 poeng. Bruksprov vart det og på Nils E Stråmyr og Strawmoor Nikita med 70 poeng av 90 mulige.

 

Ein trivelig søndag med sol, varme og gjetarhundtevling var ikkje til endes før tidlig kveld!

 

 

Jan Myklebust med frådriving på fjorårets prøve i Batnfjorden. Det forventast finever i år og...

Gjetarhundprøve

DP-Sykkylven 21.juni!

Copyright © All Rights Reserved